Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus har 12 overlegestillingar, 10 LIS2-stillingar og 7 LIS1 (turnuslegar) i normal drift. Avdelinga har to sengepostar med 25 og 16 sengar, dialysepost, poliklinikk og eigne sengar i interdisiplinær intensiv/overvakingseining. Akuttmottaket tilhøyrer også medisinsk avdeling.
Ved medisinsk legeteneste er det ledig fast stilling som overlege innan kardiologi og indremedisin frå 01.01.2019.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er knytt til poliklinisk verksemd, sengepostarbeid og vaktarbeid innan generell indremedisin. Det er høg kompetanse innan feltet både hos legar og sjukepleiarar og eit breitt samansett indremedisinsk legekollegium.
Kvalifikasjonar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Vere autorisert som spesialist i indremedisin og kardiologi
- Ha erfaring frå sengepost- og poliklinisk arbeid og kunne delta i vaktordninga. Må vere rettleiar for legar i spesialisering.
- Det er ein fordel å ha kjennskap til pasientsystemet DIPS
Personlege eigenskapar
- Vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
- Kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
- Moglegheit for å drive utvikling av "Pasientens helseteneste"
- Førde som ein god, familievennleg og kulturell plass med flott natur
- Hjelp med å skaffe bustad
- Løn etter tariff og individuell avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Hildur Thingnes
Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS
(+47) 57 83 93 17
(+47) 90 52 33 05
28.10.2018